hyllestad.info logo.png

Venelaget for Kvernsteinsparken vart stifta som Kvernsteinslauget fredag 22. august 1997. På stiftingsmøtet deltok Oddvar Hatlem, Atle Lerpold, Terje Eilertsen, Astrid Waage, Gunnhild Systad, Bjarne Akse, Audun Oppedal, Torbjørn Løland og Gunnar Rønneseth. Etterkvart fekk laget mange ivrige medlemmer både i og utanfor kommunen. Alle gjorde ein stor innsats for å fremje kvernsteinshistoria vår slik vi kjenner den i dag.

I «Lover for Kvernsteinslauget i Hyllestad» §§ 1og 2 frå 1997 kan vi lese om nokre av føremåla til lauget:

«§1 Føremål - Kvernsteinslauget skal verne om handverket og mysteria til kvernsteinsfaget. Lauget skal arbeide for dokumentering av kvernsteinen si historie og tradisjonar, samt gjere kunnskapen tilgjengeleg for dei som viser vilje til å lære.»

«§ 2 - Kvernsteinslauget skal arbeide aktivt for at det vert skipa samarbeidande laug ved alle kjende hoggstadar i verda. Målsetjinga er å gjere Hyllestad til ein visnings- og  lærestad for kvernsteinsproduksjon og anna steinhandverk».

Lauget ynskte å formidle og framheve kvernsteinshistoria til lokalbefolkninga og bidrog sterkt ilag med Hyllestad kommune til etablering av Kvernsteinsparken som vart opna av dronning Sonja i 2002.       

Dei har jobba mykje med å lokke fagfolk frå fjern og nær til kvernsteinsprosjektet i Hyllestad, og fekk etter kvart etablert eit godt nettverk.  Lauget hadde som strategi  å profilere kvernsteinshistoria både i og utanfor kommunen. Dei deltok på og arrangerte små og store arrangement med aktivitetar som steinhogging, kornmaling og smiing. Dette fekk stor oppmerksomheit frå både publikum og presse. Nokre av turane til lauget gjekk mellom anna til Gudvangen, Gaularspelet (Osen), Bergen, Stavanger og Island.  Frå 1998 og framover var lauget medarrangør for Kvernsteinsseminaret i Hyllestad.

Lauget har reist på mange ulike spel og arrangement i inn- og utland. På to av desse turane gjekk vegen til Håkonarspelet i Gulen med vikingskip!

Venelaget 1.png

Sjøsetting av vikingskipet som vart brukt då Kvernsteinslauget reiste til Håkonarspelet i Gulen. Sjøsetting fann stad på sørbøvåg.

Venelaget 2.png

For å bestemme korleis lauget skulle disponere tida si og kva dei skulle reise på, var det alltid eitt særs viktig spørsmål dei stilte seg sjølv;

«Vert det moro»? Om svaret på dette var «ja», var det berre å gå i gang med planlegging.

Noko som var, og framleis er, viktig for Kvernsteinslauget og venelaget for Kvernsteinsparken er den lokale forankringa. Lauget hadde tett samarbeid med ulike fagfolk som kom for å studere og forske på kvernsteinshistoria. Her vart det eit produktivt samspel mellom geologar, arkeologar og historikarar. Til dømes samarbeidet med  Norges geologiske undersøkelse (NGU) i kartleggingsarbeidet av kvernsteinsbrota.

Kvernsteinshistoria kom etter kvart inn skulen, der elevar får lære om og formidle kvernsteinshistoria til besøkande i parken.

I løpet av dei siste åra har Kvernsteinslauget endra namn til Venelaget for Kvernsteinsparken.

Venelaget si viktigaste oppgåve er mykje av det same som Kvernsteinslauget hadde:  Å formidle kvernsteinshistoria i Hyllestad og å skape engasjement rundt parken i form av ulike aktivitetar og arrangement.

Det faglege grunnlaget er allereie lagt av Kvernsteinslauget i samarbeid med Hyllestad kommune og andre fagpersonar, så det treng ikkje Venelaget ha like stort fokus på no.  For å halde parken ryddig og å syte for at den ser representabel ut, bidreg dei med mange dugnadstimar til kratt- og skogrydding. Dei samarbeider mellom anna med Musea i Sogn og Fjordane, Hyllestad kommune, Hyllestad Grendalag og mange fleire når det gjeld arrangement.

Venelaget bidreg på den årvisse Kvernsteinsmarknaden, julegrantenning, kafédrift i «Prestegarden» og er involvert i ulike prosjekt og mykje meir.

Takk til Tanja Kvellestad Akse og Torbjørn Løland for intervju.

 

Har du lyst å vere med i Venelaget for Kvernsteinsparken, er du hjarteleg velkomen!

Tanja Akse.jpg

Kontakt:

Leiar Tanja Kvellestad Akse

Tlf: 913 07 644

E-post: tanja_ak_se@hotmail.com

  • Facebook