hyllestad.info logo.png

I mai 2019 annonserte Merete Iversen på Facebook at ho ønskte å kjøpe eit «lite, gammalt hus på strekninga Sørbøvåg – Skifjorden». Ho ville bruke huset som ei forlenging av konseptet Hjertebladhagen som ho driv i Skifjorden.

 

Som forretningsutviklar har Merete jobba mykje med reiseliv og lokale matprodusentar, og har sett at det er eit marked for «det enkle liv». Folk ønskjer å trekke seg vekk frå det kaotiske bylivet til ein stad der dei får tid til å tenke og slappe av. 

 

For Merete var det viktig at huset skulle vere lite og med mykje sjel. Ho fekk mange tips, men ingen ho følte var det rette. Kvar gang ho var ute og køyrde bil, passerte ho eit lite kvitt hus på veg til,eller frå, Sørbøvåg. Kvar gang ho såg det, tenkte ho at det var akkurat eit slikt hus ho hadde lyst på og sett føre seg. 

 

Eitt år seinare fekk ho plutseleg tips om eit hus som skulle seljast. Ho vart umiddelbart interessert og avtalte visning. Magefølelsen var god allereie før ho reiste, for huset som var til sals  var nettopp det vesle huset ho hadde drøymt om. Magefølelsen vert berre sterkare etter at ho hadde vore der, og ho kjøpte huset same dag som ho var på visning.

 

Merete fann ut at det gamle huset opprinneleg hadde hatt namnet Vesterheim, og ho gav huset namnet Vesterheim Feriehus. Sidan ho overtok huset i juli i fjor har det skjedd mykje. Nesten alt av elektrisk er nytt, ho har fått laga eit ekstra soverom og ei loftstove. Ho har opna opp, malt det lysare, fått fram dei gamle tømmerveggene og restaurert møblane. I huset er det no tre soverom og sju sengeplassar.

 

Merete er ei dame med mange jarn i elden, men alt ho gjer har same visjon: «Å leve det enkle liv på landet».  

 

Ho elskar å utvikle ting og sjå at ting vert betre. Og ho elskar å kunne gje folk ei oppleving i det ho gjer. Ho har framleis mange planar for huset og korleis det kan utvikle seg vidare, men ho må ta ting gradvis. Huset er godt utstyrt med alt ein treng av moderne utstyr og fasilitetar, men med interiør og detaljar frå «den gang då». Ho har hatt fleire overnattingsgjestar allereie, og alle seier at huset og staden har ei god atmosfære med mykje sjel.

 

Gjestane får ei oppleving når dei kjem dit. Dei får ro og tid til å lande. Dei får høyre på stillheita og nyte den fantastiske utsikta. Merete har og byrja med litt dyrking og planting i den store hagen, og tanken er at gjestane som kjem kan plukke blomster og sesongens frukt og bær frå hagen. 

 

Etter at Merete kjøpte huset har ho ikkje fått anna enn gode tilbakemeldingar frå naboar og folk i området. Dei tykkjer det er kjekt å sjå at huset får nytt liv med mykje kjærleik og pleie. Dette er ein del av filosofien til Merete; å gje gamle skattar nytt liv. Og det har huset fått, både innvendig og utvendig. 

Om du ønskjer å oppleve Vesterheim Feriehus kan du gå inn på Airbnb, finn.no,  eller ta kontakt med Merete direkte. Etterkvart skal ho og få det ut på heimesida til Hjertebladhagen.

Huset kan leigast for minimum to døger og opp til to månader. Når det ikkje er sesong vil det vere mogleg å leige det lengre. Men primært er huset for feriefolk som ønskjer å oppleve noko anna enn dei typiske turiststadane. 

 

Til no har det allereie vore to forfattarar som har budd i huset for å skrive ferdig bøkene sine. Då sit dei ved kjøkkenbordet og ser på fjellet og fjorden medan dei skriv. Meditasjon for både kropp og sjel.

Vesterheim Feriehus

Tlf: 934 48 983

E-post: merete@hjerteblad.no

 

Vesterheim Feriehus på Airbnb

  • Facebook