Wenche og Alek.jpeg
hyllestad.info logo.png

Wenche & Alek

Wenche og Alek bur i „Kristofferhuset“ på Sørbøvåg midt mellom Matkroken og Hyllestad omsorgssenter. Wenche Nordbø (f. Silden, i 1955) kjem frå Refvik, og vaks opp like ved Refviksanden, som er kåra til Norges finaste sandstrand. Alek Nordbø (f. 1952) er oppvaksen i Sørbøvåg på kaia, og er yngste son av Kristoffer Nordbø som var butikkeigar der, den gong.

Wenche reiste til Bergen i 1975 og er utdanna sjukepleiar innan administrasjon og palliasjon, samt utdanna Bedriftsøkonom BI. Ho har jobba i Bergen i åpen omsorg, bedriftshelseteneste og ulike institusjonar.

Alek reiste til Bergen og Oslo, og tok teknisk og administrativ utdanning samt Bedriftsøkonom BI. Frå 1972 jobba han for Telenor i Kirkenes. Her var han i tre år, før han flytta til Bergen der han jobba med drift av datautstyr for fleire ulike firma fram til pensjonsalder.

 

Dei gifta seg i 1977 og i nesten alle feriar har dei opphalde seg ved sjø, strand og fjord. Interessa for fjæra og fjorden har dei begge hatt frå barnsbein, og skjell, skarvejakt og fiske har dei alltid funne spanande. Frå Åfjorden har dei til no samla  otelitter/øyresteinar frå 46 ulike fiskar som er avbilda og dokumentert.

I 1994 leigde dei hus på Fedje. Fedje var ein nydeleg stad, men då «Malenahuset» kom for sal på Sørbøvåg i 1998, var dei heldige og fekk seg sitt eige feriehus. Her blei dei «fôra» med skattar frå Åfjordens djup, av Steinar Kverhellen (død 2021) og bror til Alek, John Nordbø. Dei ynskjer å takke begge to for det!

Sonen deira, Kristoffer, kom til verda i 1991. Som aktiv 3-åring måtte Kristoffer ha tau rundt seg om bord i færingen på Fedje, og foreldra si interesse for fjord og hav har nok sett sine spor i Kristoffer. Han er i dag marinbiolog og gift med Tone som og er marinbiolog. For Wenche og Alek er det godt å ha fagpersoner å støtte seg til når kunnskapen om ulike sjøskapningar ikkje strekk til.

I 2004 overtok Wenche og Alek «Kristofferhuset» på Sørbøvåg. Ekteparet er framleis, om ikkje meir, opptekne av naturen, og med «Wenches Bod» ynskjer dei å fremje ein frisk og levedyktig fjord. Målet er å vise fram mangfaldet i fjord og hav – både fisk og dyr. Dei vil snakke om korleis dei ulike artane lever, og alle som kjem på besøk kan få sjå og kjenne på mange ulike arter frå luft, land, strand og fjord.

I 2006 laga dei si eiga heimeside. Den har til no hatt over 350 000 besøkande. Etter kvart byrja Wenche å lage montasjar og smykke av fiskebein. Dette vart til utstillingar på Skifjorddagane i 2006, 2007 og i 2008.

 

I 2008 hadde ho utstilling på «Eldredager» på Florida Sykehus og på Tall Ship Races i Måløy. Saman med Torbjørn Løland i Åfjordstein har ho hatt utstilling på Bunnpris Sørbøvåg.  

 

I 2020 kom Fjordkunst på Instagram, og det vart utstilling av montasjar med sjøglas hjå Baregod i Britahuset. 

Til deira store glede opplever dei at både born, ungdomar og eldre finn det interessant å få sjå og lære om mangfaldet i Åfjorden, ved besøk i Wenches Bod.

Alle som vil er hjarteleg velkommen, etter avtale, til å besøke Wenches Bod. Dei set stor pris på alle som tek kontakt for å gje dei fiskebein og andre spanande ting som ein finn i fjæra eller får på garnet. 

Sjå fleire bilete på  www.fjordkunst.com
  • Instagram