top of page
hyllestad.info logo.png
YS Elektro Bilde.jpg
logo YS Elektro.png

YS Elektro AS (Ytre Sogn Elektro AS) er eit nyetablert elektro- og instrumenteringsselskap som blei stifta 23. februar 2021. I samband med prosessen der Havyard Leirvik nedbemannar, var det ein gjeng i elektromiljøet ved verftet som kom på ideen om å starte eit eige selskap. Dei hadde eit sterkt og konkurransedyktig elektro- og instrumenteringsmiljø i Hyllestad som dei ønskte å ta vare på og vidareutvikle.  

 

Frå 1. august 2021 vil dei vere fullt operative til å ta på seg større oppdrag. Fram til dess vil dei halde fram i jobbane sine på verftet.

 

YS Elektro skal vere ein totalleverandør innan prosjektering, bygging, oppstart og drift av maritim- og marin industri. Dei er til saman 15 tilsette, der 10 av dei er eigarar. Selskapet har ein lokal eigarstruktur og dei tilsette er bedrifta si viktigaste ressurs. YS Elektro er eit selskap med dyktige fagfolk og dei har stort fokus på HMS og kvalitet. 

 

Dei som jobbar hos YS Elektro har brei erfaring innan maritim verksemd. Av utdanning er dei enten ingeniørar, elektromontørar eller automatikarar. Dei har autorisasjon på både lågspent- og høgspentelektriske anlegg, samt prosjektering av elektriske anlegg.

 

For å jobbe hos YS Elektro bør du ha lang erfaring innan maritim industri og fokus på innovative løysingar som kan hjelpe den maritime og marine næringa gjennom det grøne skiftet. YS Elektro jobbar no med å bli godkjent lærebedrift slik at dei kan rekruttere endå fleire dyktige fagfolk i eit framtidsretta yrke.

YS Elektro vil arbeide målretta mot oppdrag innan marin og maritim verksemd. Dei tar sikte på å behalde eksisterande kundar innan verft og rederi, samtidig som dei jobbar med å få nye oppdrag innan anna marin verksemd. Dei kjem til å satse på produktutvikling og vil levere effektive system innan marin og maritim næring. Herunder vil dei ha eit aktivt forhold til det grøne skiftet med fokus på engergieffektvitet, elektrifisering og alternative energiformer. 

På større oppdrag vil dei og ha samarbeid med andre leverandørar innan felles og andre fagområde. Dei vil strekke seg langt for å levere gode tenester og produkt til rett tid og pris.

Kontakt:

Dagleg leiar Håvard Breidvik

Tlf: 907 93 975

E-post: hb@yselektro.no

Styreleiar/Installatør John Sverre Øen
Tlf: 90 91 27 75

E-post: js@yselektro.no 

Produktutviklar Sigve Hove Bang

Tlf: 90 19 81 77

E-post: shb@yselektro.no

 

 

 

 

 

 

 

 

post@yselektro.no   yselektro.no

bottom of page